To change the text size, hold down the Ctrl/Cmd key and press + to enlarge or - to reduce

Career

Mekanikar/serviceoperatør

 
Me søkjer ein fleksibel og positiv person som likar teamarbeid, hektiske og spanande arbeidsdagar og som er ein fagleg sterk mekanikar.
 
Hovudoppgåver
Montering, reparasjon og overhaling av våre gir- og propellanlegg. Ambassadør for Servogear i samband med oppstartar og servicearbeid over heile verda.
 
Kvalifikasjonar
Fagbrev som industrimekanikar eller tilsvarande med erfaring frå LEAN produksjon. Erfaring med arbeid på gir- og propellanlegg samt utstrekt reiseverksemd er ein fordel. Gode kommunikasjonseigenskaper, både skriftlege og munnlege.

 

Søknadsfrist: Onsdag 3. april 2019. Send søknad til og ta kontakt om det er spørsmål: Lars Egil Vik (lars.egil.vik@servogear.no) 906 903 71

 

Servogear spesialiserer seg på gir- og propellanlegg til hurtiggåande båtar. Våre energieffektive framdriftssystem gjev kundar over heile verda styrka konkurransefortrinn og eit redusert klimaavtrykk. Servogear vart etablert i 1973, held til på Rubbestadneset, Bømlo, og har om lag 50 tilsette.

 

Send us your CV