To change the text size, hold down the Ctrl/Cmd key and press + to enlarge or - to reduce

Career

Strategisk leiar for innkjøp

 

Me søkjer ein ambisiøs og positiv person som likar teamarbeid, hektiske og spanande arbeidsdagar og som kan vere med på å utvikla innkjøpsfunksjonen vår.

 

Hovudoppgåver
Ansvar for innkjøp og logistikk med etablering og implementering av innkjøpsstrategi, analyse av leverandørportefølje, materialstyring og optimalisering av varelager, etablering av rammeavtaler og oppfølging av leverandørar. Personalansvar for tilsette i innkjøp og logistikk.

 

Kvalifikasjonar
Høgskule eller tilsvarande lang erfaring (5-10 år) innanfor strategisk innkjøps- og logistikkarbeid. God økonomisk forståing eller tilleggsutdanning innan økonomi. Kjennskap til og erfaring med moderne ERP-system.

 

Søknadsfrist: Onsdag 3. april 2019.

Send søknad til og ta kontakt om det er spørsmål: Lars Egil Vik (lars.egil.vik@servogear.no) 906 903 71.

 

Servogear spesialiserer seg på gir- og propellanlegg til hurtiggåande båtar. Våre energieffektive framdriftssystem gjev kundar over heile verda styrka konkurransefortrinn og eit redusert klimaavtrykk. Servogear vart etablert i 1973, held til på Rubbestadneset, Bømlo, og har om lag 50 tilsette.

Send us your CV