To change the text size, hold down the Ctrl/Cmd key and press + to enlarge or - to reduce

News

Arendalsuka: Eit steg nærmare utsleppsfrie hurtigbåtar

20.08.2019

- Det er viktig å stilla funksjonskrav slik at me i industrien skal kunna utvikla den beste teknologien, seier dagleg leiar Torleif Stokke i Servogear. Han meiner industrien er klar til å levera.

 

Servogear var med under Arendalsuka 2019, ein årleg møteplass for organisasjonar, verksemder, politikarar og andre som er opptekne av samfunnsspørsmål. Klima- og miljø var eit sentralt tema i mange debattar.

 

- Me set stor pris på at me fekk ein plass i panelet då vår eigen næringsklynge, NCE Maritime CleanTech, sette utsleppsfrie hurtigbåtar på agendaen. Vårt bodskap til bestillarane er at dei må stilla funksjonskrav slik at me i industrien skal kunna utvikla den beste teknologien. Dei kan til dømes krevja at fartøy som skal operera gitte strekningar skal vera utsleppsfrie, seier dagleg leiar Torleif Stokke i Servogear.

 

- Det er viktig at me stiller funksjonskrav og ikkje detaljerte tekniske krav, som det offentlege så altfor ofte gjer. Industrien kan sjølv finna ut kva dei kan gjera for å realisera dei ynskja me har, seier fylkesdirektør for samferdsel i Trøndelag Fylkeskommune, Erlend Solem, som óg sat i panelet.

 

Ingen grenser for industrien

 

Eit trettitals personar hadde møtt opp på debatten mellom politikarar og industrien om bord Statsraad Lemkuhl. Tema var korleis det offentlege kan sette fart på utviklinga av miljøteknologi gjennom utforminga av anbod. Trøndelag fylkeskommune er ein pådrivar for det som kan verte verdas fyrste kommersielle hydrogendrivne hurtigbåt. I september offentleggjer dei konsepta til dei fem konsortia.

 

- Me gler oss til å høyra meir om dei konsepta dei fem konsortia har utvikla. Me veit at me få oppskrifta på båtar som verda aldri før har sett og med klimateknologi som aldri før har blitt brukt. Denne industrien har vist seg å vera ekstremt kompetent og har en ekstrem evne til å utvikla seg raskt. For eit år sidan sa alle konsortia at dei kunne klara 30 knop i ei halv time. No seier minst to av konsortia at dei kan operera i fire timar. Dei har åttedobla rekkjevidda berre på eit år, ved hjelp av batteriteknologi. Det verkar ikkje vera nokon grensar for kva næringa kan få til, seier Solem.

 

Han fortel om korleis hurtigbåtprosjektet starta med ambisiøse politikarar i 2013 som vedtok å halvera utsleppa frå kollektivtransporten. Dei såg at fylkets fem hurtigbåtar slapp ut like mykje som heile bussflåten på 600 bussar.

 

- Eg er imponert over prosjektet til Trøndelag fylkeskommune og alt dei gjer for å få fram utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er kjekt å stå her som representant for industrien og sei at me er i stand til å levera teknologien dei treng for å innfri ambisjonane til politikarane, seier Stokke.

 

Energieffektiv framdrift er utløysande

 

Servogear er ein del av det konsortiet, ZEFF, som består av Selfa Arctic, LMG Marin, Hyon og Norled. Uavhengig av kva som skjer i Trondheim vil konseptet videreutviklast for å vera med i kampen om framtidas utsleppsfrie hurtigbåtruter.

 

- Me bidreg med optimaliserte framdriftsløysingar, som vil redusera energiforbruket til eit minimum. Energieffektiv framdrift er ein av nøklane for å kunna realisera ein utsleppsfri hurtigbåt, seier Servogear-leiaren.

 

For maritim industri i Norge handlar ikkje dette berre om berekraftig drift av hurtigbåtruter. Men det handlar óg om å utvikla teknologi som kan verte eksportprodukt for norske verksemder.

 

- Me importerer elbilar, men kan eksportera elbåtar. Det er ein stor verdsmarknad for ferjer, men ein enda større marknad for hurtigbåtar. Men det verkelege store potensialet oppnår ein når ein nyttar dette som ei treningsarena for dei store båtane, som cruise, tank- og konteinarskip, seier Solem.