To change the text size, hold down the Ctrl/Cmd key and press + to enlarge or - to reduce

News

Servogear forlengjer samarbeidet med Rubbestadnes IL

21.02.2019

Servogear og Rubbestadnes Idrettslag har signert ei ny sponsoravtale som gjeld for dei neste tre åra.

 

Idrettslaga er viktig hjørnesteinar i lokalsamfunnet, og for Servogear er det viktig å støtta lokale aktivitetar. I februar 2019 vart det signert ein ny avtale med Rubbestadnes IL.

 

- Rubbestadnes IL er vårt nærmaste idrettslag, og me er glade for at me kan halda fram det gode samarbeidet. Dei gjer ein uvurderleg jobb, spesielt for dei yngre generasjonane, seier dagleg leiar Torleif Stokke i Servogear.

 

- «Engasjement» er ein av grunnverdiane hos oss i Servogear og me heier på engasjerte menneske skaper engasjement lokalt. Me treng inkluderande samlingspunkt, og det er lett for oss å stille oss bak slagordet til Rubbestadnes IL, som er «alle på lag», seier han.

 

Dei viktigaste idrettsgreinene i Rubbestadnes er fotball, badminton og turn. Avtalen inneber mellom anna at Servogear får sitt namn på to cupar: Servogear 3er Cup for sjuåringar som vert arrangert 23. mars 2019 og under tradisjonsrike Servogear Cup som i år finn stad 31. august.

 

- Denne typen avtalar er gull verdt for idrettslaget. Det er sponsorar som gjer at me overlever og kan oppretthalda tilbodet av aktivitetar til barn og unge spesielt. Men me har medlemmer i alle aldersgrupper, heilt opp til 80 år. Det er mange som får nyta godt av dei midlane me får inn, seier klubbleiar Victoria Laurhammer Kvernøy.